tirsdag 10. februar 2015

Ny start, nytt eventyr, ny blogg....

Då var det altså klart for flytting. Ikkje heilt når det gjeld meg sjølv endå, men bloggen her er allerede så smått i gang med starten på eit nytt liv. Så følg meg gjerna vidare på ny adresse!

Velkommen innom...

  
eller om du vil;


-bente-

fredag 6. februar 2015

Eg søv ikkje....

..snart to veker sidan telefonsamtalen som bråsnudde livet i retninga eg lenge har drøymt om. Jobbtilbud som inkludere returbillett heim til vakre Herand. Eg har gått med ein følelse av å vera redd for å vakna i 14. dagar no, men begynnar å innsjå at draumen er blitt verkjelegheit.

Eg vaknar ikkje denne gongen....

ENDELEG.

Fem veldig fine år er snart til vegs ende, og eg er klar for nye eventyr, utfordringar og gleder på "hi sio tå fjellet".

Heimen eg har blitt so glad i skal selgast:


...og bytast ut med den heimen eg har lengta etter i fleire år:


Det er mykje å reisa i frå, men so uendeleg mykje å koma til. For å vinna må ein satsa, og ekte venner vil uansett vera med livet ut.

Dette er altså starten, på det eg håpa ville gje denne bloggen liv. 

Så, nok ein gong....ein av mine favorittar: House by the sea

-bente-

tirsdag 30. desember 2014

Nest siste dagen..

..i eit utruleg flott 2014. Ser uansett med Storglede fram til eit nytt, spanande og fargerikt år. Måtte det by på eventyrlege stunder og nye, fine opplevelsar.



fredag 18. juli 2014

Stønna, stunda, nuet...


Ta vare på stønna
slæpp´a inn når´a banker på.
Rødd plass åt døkk midt i søkna,
for stønna er her og nå.

 Le´a sætta sæ litt nedpå,
uansett håssen´a er.
Noe har´a å gi dæ,
Det er derfor ho er her.

 Ta gøtt vare på stønna,
og takk for den tida ho satt,
før akkurat dænna eine,
- ho kommer aldri att.

 Du trudde lengi at stænna
var nåe du skulle få
bære du engong var ferdig
med det du dreiv på med nå.

 Du fekk aldri tid tel å oftne,
de gongen da ho banke på,
og skjønte for seint at stønna
støtt er her og nå..."

Hans Ludvig Fredheim

mandag 16. juni 2014

"Gi aldri opp dine drømmer. Følg tegnene!"

..skriv Paulo Coelho i boka "Alkymisten". Ei av mine favorittar. Eg prøve å dyrka sitatet kvar dag :)


The dangers is that every religion, including the Catholic one, says «I have the ultimate truth.» Then you start to rely on the priest, the mullah, the rabbi, or whoever, to be responsible for your acts. In fact, you are the only one who is responsible.
 
- Paulo Coelho

torsdag 10. april 2014

Eg elskar livet...

..det er so uendeleg mykje å gleda seg over. Nett no har eg ein varm, snorkande hund nede ved beina. Det gjer meg storglede :)






tirsdag 8. april 2014

Hugo World

Her kan eg senda gåver, og byta egg og syltetøy med den nydelege nevøen min. Me leitar etter troll, bakar pizza og passe på hønene. Det å høyra den engasjerte stemma hans i telefonen når han diskutere Hugos verden er noko av det beste eg veit.

Storglede!

onsdag 2. april 2014

Kanel

Eg elskar kanel, kjenner ei storglede berre av duften :) Det er onsdag og me er allerede midt i veka!...


tirsdag 1. april 2014

1. april

...og eg har ikkje vorte lurt for fyrste gong på fleire år. Glede! No drøyme eg om årets ferie over Hardangervidda. Eg ser føre meg Hårteigen i vakker solnedgang og varm sommarbris. Ein stor draum i sikte. Storglede!


torsdag 27. mars 2014

Fulgar

Fuglar gjer meg so mange gleder. Lydane, fargane, oppførsel. Kan studera dei i timasvis.

Frå eg var liten har eg vore glad i fuglar. Likar alle veldig godt, men skjæra, høner og duer er nokon av dei store favorittane. Eigentleg ugler, haukar, dompap! ØRN! ikkje minst, dei små søte. Uff, vanskeleg å velga. Nei, eg likar dei nok alle best på kvar sin måte.

Nesten kvar morgon har eg alt fra fira til femten duer rundt huset mitt som set og ynsker meg god morgon med kurring og fine siluettar mot himmelen. Det er ein god start på dagen det! Storglede :-)




onsdag 26. mars 2014

Svaret

...."søknaden er dessverre ikke innvilget."

Så gjekk det gjerne ikkje heilt som ein hadde tenkt og då er det berre å venta på årsaken til det. 

Bloggen vil vel heller ikkje heilt få det innhaldet eg hadde håpa på då eg oppretta den. Uansett, er det blanke sider som eg kan gje fine fargar. Det tek berre litt lenger tid før eg kan dekorera med bilder frå hønsegård og kveldssol ved fjorden.

Livet er ikkje som ein har det, men korleis ein tar det :-)


 

House By The Sea



..."They say home is the place where your heart is"....

tirsdag 25. mars 2014

Verdens Vaffeldag

Vafler for meg er storglede. Gode minner frå barndom, i godt selskap med venner eller for meg sjølv når eg skal kosa meg. I dag trur eg det vert vafler til middag.


Oppskrifta mi er som følger:

Like mange egg som personar
Passe mjølk 
Passe smør
Litt vaniliesukker
Litt sukker
Storglede. 

Nyt i godt selskap, og det kan også vera saman med deg sjølv.

mandag 24. mars 2014

Min første kommentar

..min første tilbakemelding her inne synes eg fortjener sitt eige innlegg. Tusen takk for fine ord, Nueng! Det var ein fantastisk fin beskrivelse av Karma som eg berre måtte dela vidare. Storglede!

"Jeg storgleder med deg :). Evnen til å bare føle, for så respondere ( ikke  
bare reagere..) er ikke alltid like lett. Å se etter det positive, å søke  
etter det som gir deg glede, å fylle opp det ene livet vi vet vi har med  
alt det, er en kunst i seg selv. Du gjør/utfører noe aktivt (som kan kortes  
ned til ett ord, Karma) som påvirker ditt liv i positiv retning. Mao du  
høster som du sår :) Og dine frø er av den gode sorten ;)

Gleder meg til å følge deg på ferden <3"
 
 

søndag 23. mars 2014

Fyrste prikling

....det er rein terapi for meg å driva med planter. No er dei fyrste prikla og godt etablert på gjesterommet. 



Storglede!

fredag 21. mars 2014

Sol

Det er noko av det beste eg veit, og spesielt på ein fredag medan eg fortsatt ventar på svar......





torsdag 20. mars 2014

Venner

Det er storglede! Eg er so uendeleg heldig og har mange fantastisk flotte venner. Nett no gledar eg meg til å tilbringa helga saman med nokon av dei.

Snart fredag.



Eg diktar meg eit liv


Herborg Kråkevik – Eg diktar meg eit liv

Anbefale plata "Annleis enn i går" av Herborg Kråkevik. Eg vert glad av songane hennar.

Herborg Kråkevik – Her i mitt hus

Herborg Kråkevik – Den gladaste dama

Storglede på ein torsdag :-)



onsdag 19. mars 2014

Min beste venn


Innimellom føle eg meg som verdens heldigaste.....

A Secret Scrolls...


...message from Rhonda Byrne Creator of The Secret...

"From The Secret Daily Teachings
 

Love is the highest power we possess to be in complete harmony with the law of attraction. The more love we feel the greater our power. The more selfless love we feel, the more unfathomable our power.
The law of attraction has been called the law of love, because the law itself is a gift of love to humanity. It is the law by which we can create incredible lives for ourselves.
The more love we feel the greater our power to create a magnificent life of love, joy, and harmony.

May the joy be with you,

Rhonda Byrne
The Secret... joy for billion"





 



tirsdag 18. mars 2014

Backup plan


Medan eg ventar på svar....

Ballongar

Dei er fine, dei er fargerike, dei symboliserer feiring, fest og glede.

Eg hatar dei.

Den uforutsigbare muligheten for smell får det til å gå kaldt gjennom heile kroppen. Kvifor anar eg ikkje, men eg har levd med det i 30 år, og innser eg aldri kjem til å pynta med ballongar til fest.

Dessverre.





mandag 17. mars 2014

My choice..

Udo's Choice...

Eg rett og slett elskar denne olja. Kan drikke den rein eller blanda i det meste av mat. Får ein følelse av at kroppen smøres innvendig og vert lykkeleg. 

Nok ein storglede for både kropp og sjel. 

Google it! Anbefalast!

søndag 16. mars 2014

Reine sengklede

...er også ei av mine store gleder. 

Følelsen av å leggja seg nydusja i reine og duftande sengklede er alltid lika fantastisk.

No skal eg lesa litt i "Lev landlig" og håååpa på at morgondagen kan gje meg svar, altså det svaret eg så sårt håpar og ynskjer på no! 



Såsøndag

Snøen lavar ned ute. Eg kokar meg ein kopp te og set i gang med å få små søte frø i jorda. 

Eg elskar å driva med jord, frø og planter.

Ein blanda følelse av gode barndomsminner og gleda av å dyrka fram vakre blomar og nyttige grønnsaker sjølv. 

Ein indre fred og storglede brer seg i kroppen. Fin avslutning på ei herleg helg og beste starten på ei ny veka.

Eg trur på våren no :)


lørdag 15. mars 2014

Laurdagskos i bøtter og spann

Sol, snø og fuglekvitter. Nydeleg laurdagstur saman med Bono. Slike stunder skulle eg ynskja å kunna dela med heile verda! Rein lykke. 

fredag 14. mars 2014

Vår beste dag

http://www.youtube.com/watch?v=howI6o_oBO0

Min beste morgon...

Kvar dag vaknar eg til denne fantastiske songen av Erik Bye, medan eg velger å tru at dette nok eingong vert min beste dag. Sidan eg er eit utprega B-menneske hender det at songen gjerne rullar og går tre, fira gonger før augene vil opp. Eg trur uansett ikkje nokon kan vekka meg på ein betre måte.

..eg vert alltid klar for min beste dag.

torsdag 13. mars 2014

Heim til postkassa

..to store gleder i postkassa i kveld. Etter endt kveldsvakt et det perfekt å slappa av med ein god kopp te og godt lesestoff. Eg håpar at Lev landlig dukka opp igjen i livet mitt av ein grunn akkurat no... Ventar endå i spenning. 

tirsdag 11. mars 2014

Storglede.no

Eg elskar ordet storglede. Den nydelege nevøen min siterte mor då ho skulle skriva bursdagskort til bestevennen; "Storglede" skulle det stå. Storglede var det han ville utrykka lenge før han snakka reint, og endå mindre kunne skriva sjølv.

Storglede - friheit og takknemelegheit.

Storglede for meg er friheit og takknemelegheit. Helse, familie, venner, dyr, hage, natur, bøker, fargar, musikk, det å bobla over av kreativitet og tankar om kva ein har lyst å gjera, det ein vil prøva og få til både i nuet og i framtida.

Friheit er alt dette, og so mykje, mykje meir.

Taknemelegheit definere eg i det å vera bevisst og setta pris på alt det gode ein har rundt seg.

Takka for kvar dag og dens innhald. Vita at ingenting er ein sjølvfølge. Det at ein kan pusta av eiga maskin, eller sjå stjernene på himmelen ei mørk vinternatt. Lukta, sjå og føla på vakre blomar. Legga seg i ei rein seng kvar kveld, eller sova ute i det fri om eg vil. Eg slepp gå rundt med redsel, frykt eller bekymringar for morgondagen. Evnen til å føla på glede, smerte og sorg. Vita at det alltid er nokon der ute som er glad i meg. Alt eg eig, tinga mine og ikkje minst fuglesangen eg kan lytta til gjennom fungerande høyrsel! Reint vann, frisk luft, mat....Ein kan remsa opp i det uendelege.

Takk, takk, takk...eg takkar heile tida. Ofte inni meg, innimellom høgt og nokon gonger ropar eg. Tuuuusen takk, livet! Takk for at eg får sjangsen til å leva so best eg kan for både meg sjølv og andre.

Dess meir eg takkar, til meir vert eg bevisst på kor uendeleg mykje det er å takka for, og livet fylles meir og meir med storglede.

Storglede.no er staden der eg vil dela min kvardag, mine gleder, mine draumar og forsøka å verta endå meir bevisst på å gleda meg til no.

Her inne er det faktisk lov å vera ufordrageleg lykkeleg :)


Eg ventar....

Ventar på svaret som vil gje denne bloggen liv.